fredag 25. juli 2014

Dansk ekstraservice

Eg blei gledelig overraska her for litt sidan, når eg bestilte meg garn frå den danske nettbutikken 123knit.com. Eg har handla herifra tidlegare også, men det er ei stund sidan. Denne gongen fann eg både arwetta og nåke meir snacks, så eg kom sjølvsagt over 200-kroners grensa.


Kjekt var det då å få ein e-post frå butikken om dei skulle pakka det i to forsendelsar, sånn at eg slapp moms, og ikkje minst det hekkans gebyret dei tar i tollen. Hurra, gjett om eg blei glad då. For portoen frå Danmark er omtrent det samme som i Norge, så det blei mykje rimeligare.
Fantastisk ekstraservice!


Pakken inneheldt jo sjølvsagt godsaker. Arwetta har eg endå ikkje testa, men etter at Linda strikka nåken nydelige sokkar i dette garnet måtte eg bare bestilla litt lys lilla.


                          Og den knæsj grønne kan jo bli skikkelig tøffe sokkar, for den vågale.


Den fleirfarga arwettaen forelska eg meg heilt i. Det haustlege fargespelet er nydeleg, og eg håpar det blir fint spettete, og ikkje stripete, når eg strikkar av det.

 
Litt bomullsgarn kom også med i pakken, såg meir spennande ut i nettbutikken enn det faktisk var. Men, det kan alltids brukast til noko.

torsdag 24. juli 2014

Litt snar i snuen....

Nå som eg har handla så masse fine, eldre oppskriftshefter i god stand, så solgte eg nåken av dei som eg synes var litt fløssete. Meeen, eg var kanskje litt kjapp i snuen der.
Det eine heftet sendte eg avgårde samme dag som eg reiste til Ose for å ta ein kikk på Kofteutstillinga til Annemor Sundbø. Det heftet burde eg kanskje teke vare på...


For, det som møtte oss i døra til utstillinga var nemlig denne nydelige jakka her. Sjekk det flotte, og originale mønsteret nede på armane. Denne falt sånn i smak.


Og den jakka var jammen i det eine heftet eg så frivillig hadde sendt frå meg. Det oppdaga eg jo ikkje før eg kom heim og såg på bildene eg hadde teke for å vise innhaldet i det gamle heftet.                Jane, Jane, din treskalle tenkte eg då. Men, gjort er gjort og spist er spist. Tenke heftet likevel har komt i gode hender.


Eg lever endå på opplevelsane frå turen til Ose, så alle dei som har sjans burde nytta sommarens fridagar til å ta ein tur til vakre Setesdalen og den vesle, men så innhaldsrike staden Ose.

onsdag 23. juli 2014

Ein gjengangar

Det er ikkje alle mønsterheftene frå slutten av 90-talet som er lika stilige lenger. Heller ikkje dei frå starten av 2000 kan alltid brukast, men nokre klassikerar går aldri av moten.


Kjøpte eit hefte brukt, temmelig rimelig. Hadde bare sett framsida, og visste egentlig ikkje kva som venta inni.



Men her var det jammen fleire godbitar. Som den udødelige Vossakofta til barn, og Sirdalskofta.




Alltid spennande når ein kjøper hefter uten å ha sett innhaldet, og denne gongen var eg heldig. Kan skriva under på at det ikkje er kvar gong...


Her i den uutholdelige heten føler eg meg ganske vissen, litt som denne karsesaken. Eg treng skygge og vatn for å kvikna til. Denne skrotten er ikkje laga for 30 varmegrader.

tirsdag 22. juli 2014

13 nøster Line

Sist eg var i Odda gjekk eg innom Husflidbutikken fordi eg skulle kjøpa noko for ei venninne. Har jo aldri hatt så veldig sansen for den butikken, men dei to siste gangene har det vore ei veldig blid og imøtekommande dama som har stått der, og det bedra mitt inntrykk betraktelig.. Eg skulle jo, som vanlig, egentlig ikkje ha nåke garn. Det skulle eg jo ikkje sist heller når eg handla Sisu så det kosta etter på tilbud. (Det kan du lesa om HER!)

 
Meeen, oppi den tilbudskorga nett innom døra så låg det nesten ein pose full med Line frå Sandnes. Det var 30% rabatt, men med min pruteinnsats og velvillighet frå damen bak disken, så betalte eg slett ikkje så mykje.
Så nå sitte eg her med 13 nøster Line i ein herleg naturfarge, men ingen idear om kva eg skal laga. Holde det til eit plagg til meg tru? Tips mottas med takk.


I går hadde me et aldri så lite og svært så uhøgtidelig strikketreff utpå terrassen min. Sølvi og Linda kom med kvar si strikkeveska, og me nøyt sval bris ute til seint på kveld. Samtaletema dreide seg stort sett om garn, oppskrifter, pinnar og nettbutikkar. Slik som det skal i slikt selskap. Tusen takk for besøket damer, glede meg alt til neste gong.

mandag 21. juli 2014

Fornuft eller fristelsar?

Siden eg aldri blogga om nåke garnkjøp på Drops sitt årlege maigarnsalg, så trudde kanskje nåken at eg hadde klart å styrt unna? Der tok dei feil...

 
Blei nåken nøster gitt... Eg handla til og med før salget starta egentlig. For dei hadde Sky som månedens nøste i april hos Strikkenett, og når eg alt kunne starta handla Dropsgarn på tilbud siste dagen i april synes eg at eg fekk både i pose og sekk.


Sky har eg sett på fleire gonger. Nydelige, mjuke nøster, og vidunderlige fargar. Men, det er ganske kostbart og uten spesifikke prosjekt så har eg latt det vera. Fram til nå. Har ennå ingen spesifikke prosjekt, men som eg har nemd før; Eit godt garntilbud skal ein ikkje gå forbi!

 
Og nå har jo jammen Drops salg igjen. Denne gong på bomullsgarnet. Eg har sinnsjukt masse bomullsgarn, så eg har ikkje handla. Ennå....
Eg veit jo ikkje om eg klarar stå i mot. Veldig fristande når ein ser ei sånn korg fullstappa med nydelige nøster. Tidå vil visa om fonuft eller fristelse vinn.

søndag 20. juli 2014

Gamle mønster på nett

Eg har dreve å handla gamle strikkehefter på diverse Facebookgrupper. Men, nå har eg funne ein enda bedre arena der utvalget både har vore stort, og ikkje minst mykje rimeligare. Samme heftet har kanskje lege ute til tredobbel pris på Facebook, mens det på QXL har kosta helst lite.



Eg må innrømma at eg blei litt reven med, og handla masse i starten. Synes eg fekk meg et par skikkelege godbitar.




Heftene har og vore i veldig god stand, heile og fine. Der har eg opplevd begge deler når eg har handla tidlegare.



I desse koftetider er jo dette heftet med mønster frå Færøyene gull verdt. Synes det var så masse fint inni her.






 Eg har bare brukt søkeord som strikkebok og strikkeoppskrifter i søkefeltet, og vips har det poppa opp både et og fleire spennande hefter.




 I "kampens hete" har eg jammen klart å kjøpa et hefte eg hadde i frå før, men då får eg kanskje testa korleis det fungerar å selja ting innpå der og.

fredag 18. juli 2014

Bomullmix i varmen

Det frista lite å strikka i ull når det er varmt. Derfor var det ganske herleg å få Porto på pinnane. Svalt og godt å ha i fanget. Har starta på ein jakke, heilt på frihånd, til yngstejenta. Om eg får det til er jo ein anna sak...


Men dette Portogarnet er ganske snodig. Det er et slags båndgarn, og når ein ser nærmare på det ser det ut som tynn, tynn tråd som er strikka til tynne tarmar. (skjønte nåken ka eg meinte tru...?)
Og garnet inneholde bomull og viscose, men ikkje blanda. Det er eit stykke bomullstråd og så nokre cm med glatt, tynnare viscose. Gir ein ujamn, men litt stilig effekt.


Me har hatt nåken fine dagar i Suldal. Alltid godt å komma t mamma sin middag. Eg ser det som ferie bare eg slepp å laga middag.
Me har vore ei lita veka på hyttå, og broremann og pappa snekra benk til verandaen.

 
Så har Victoria fått bada. Både i basseng, i kalde, kalde Suldalsvatnet, og så var ho med tante og onkel i Jåvatnet og bada. Og eg skjønne ikkje at det ikkje er fleire å badar rundt forbi. Me var heilt aleina i Jåvatnet, og når eg var på Victoria sin alder var det alltid stappfullt av folk der. Kanskje folk er så ofta i Syden nå at dei ikkje gidde bada her lenger...


Men, borte bra og hjemme best. Nå får eg laga middagen min sjøl, og prøva vinna over berget med skittentøy. Strikkelysten er og på veg tilbake, så kanskje det blir litt effektivisering på den fronten og!